Hei
Eg og far min kjøpte stellesalven og hudkremen for 2 dagar sidan. Eg har brukt stellesalven på min 19 mnd gamle sønn. Han har i ei veke hatt laus avføring og var svært sår i heile baken, langt nedover låra. Vi smørte han godt inn med stellesalven deres fredag kveld, og laurdag morgon var han mykje betre. I dag (søndag) er han heilt bra att. Ser ut som at kremen virker veldig bra.
Faren min har brukt stellekremen på sine harde og sprukne psoriasis hender.
Eg snakka med han i dag, og han syns hendene er mjukare og har mindre sprekker. Så berre etter to dagar virker den der også. Eg sjølv bruker hudkremen på hendene, og er godt fornøgd. Dei held seg lenge mjuke og er ikkje noko tørre lengre.
Vi kjem til å bruke mori produkta, og har planer om å kjøpe badeoljen i morgon. Vi vil også anbefale dei til alle vi kjenner. Flott at du stoppa meg på veg inn i apoteket..
Helsing
Hege Fimreite Måren, Sogndal
Og her er fleire muntlege tilbakemeldingar på produkta:
Stellesalven
- Psoriasis: Kvinne i 50-åra hatt psoriasis i 30 år på føttene. Brukte stellesalven kvar dag i 2 veker og huden hennar var like fin som då ho var jentunge (hennar eigne ord).
- Kløande utslett: Mann i 50-åra får tidvis kløande utslett på leggene og kortison har vore det einaste som har hjulpe. Prøvde salven og kløen var vekk og huden roa seg heilt ned.
- Soleksem: Dame får soleksem kvar sommar med ein plagsom kløe. Ho smurde på stellesalven og kløen forsvann ikkje heilt men roa seg veldig ned. Samme dame har også ein hund som hadde problem med veldig kløe på snute og potar der det kun var kortison som hjalp, etter bruk av stellesalven klødde han mykje mindre.
- Atopisk eksem: Jente 10 år med atopisk eksem: eksemet forsvinn etter kort tids bruk av stellesalven.
Hudkremen
- Jente 8 år med atopisk eksem. Hadde hatt eit hissig utbrot av atopisk eksem på armen i lengre tid og brukt ein krem som ikkje hadde gjort eksemet verre, men hadde heller ikkje gjort det betre. Brukte hudkremen 1 gong og neste dag var det blitt betre. Etter andre påsmørning var huden heilt fin og eksemet borte.
- Mann i 50 åra hadde sår og raud hud på halsen etter barbering med barbermaskin. Han hadde prøvd fleire hudkremar utan særleg betring. Brukte hudkremen 1 gong og huden roa seg ned og sårheiten forsvann.
Badeolja
Bleieutslett: Brukt badeolja i badevatnet ved bading om kvelden:
dagen etter er bleieutslettet mykje betre. Etter andre gongs
bading er bleieutslettet vekke.