 | Mori as |
|
|
| |  | Bakgrunn |
|  | Bakgrunn for forretningskonseptet miljøvenlege pleieprodukt |
|  | Det var i mi nye rolle som mor at mi interesse for miljøvenlege produkt vart skapt. Som dei fleste førstegongsforelder ønskte eg å gje barnet optimale vilkår og eit av desse var å bruke milde og skånsame produkt i det daglege stellet. Eg byrja leitinga etter gode pleieprodukt - gode produkt fanst, men eg sakna ei godkjenning - eit stempel på produktet frå ein uavhengig instans som gav meg som forbrukar ein garanti på produktet. Svanen er eit slikt stempel - det er min garanti som forbrukar at eg kjøper eit trygt produkt - eg kjøper tryggleik.
I 2001 byrja eg aktivt å jobbe med ideen. Frå eit utgangspunkt med miksing av produkt på kjøkkenbenken med påfølgande uttesting på eigne barn og fram til i dag, der 4 babypleieprodukt er godkjende med det offisielle nordiske miljømerket Svanen, har det gått 4 år.
I 2005 vart selskapet Mori AS stifta. I 2006 fekk Mori tildelt miljømerkingslisens på produktserien. I år, 2007, startar me opp vår fyrste produksjon av produktserien. Produkta vert selde i vår nettbutikk og ved lokal lokaldistribusjon i følgande butikkar: Spar - Aurland, Life Helsekost - Lærdal, Meny - Sogndal, Årdal Helse og Hobby - Øvre Årdal og Sunkost - Voss.
  |  |
Tips ein kjenning |
|
|
| |